Skeie Tre AS

Skeie Tre AS ligg nær sentrum av Ulvik, innst i Hardangerfjorden. Verksemda er veletablert og har røter heilt attende til 1600-talet. Før 1926 var namnet Skeie Sag, men skifta då namn til Skeie Sag og Kassefabrikk. Det var i den tida sagbruk, men seinare også med ein vesentleg produksjon av fruktkassar.

I 1986 vart me eit aksjeselskap, og fekk namnet A/S Skeie Tre. Våren 2007 er selskapet delt opp i eit eigedomsselskap og eit driftsselskap. Eigedomsselskapet fekk namnet Skeie Eigedom AS, og driftsselskapet Skeie Tre AS.

Verksemda var mellom dei fyrste som byrja produsera pallar på Vestlandet, og driv i dag i hovedsak med produksjon av "skreddersydde" pallar og spesial-kassar. Leveransane skjer for det meste med vogntog, og mykje går til dei store industriverksemdene i Hordaland.

Kvar kunde har sine spesielle palletypar, og pallane skal tåla forskjellige transportformer verda rundt. Kvalitetskontroll er difor ein særs viktig del av produksjonen.

Tlf. 56527600, knut.sigurd@skeie-tre.no